Trygg mat, bransje og arbeidsliv rettar seg mot elevar som går vg1 restaurant- og matfag eller eitt av dei tre programområda på vg2 bakar og konditor, matproduksjon eller kokk- og servitørfag, og den dekker alle kompetansemål som omhandlar trygg mat, bransje og arbeidsliv i desse læreplanane. Boka er delt i to delar; ein om trygg mat og ein om bransje og arbeidsliv. Den tar for seg teorien elevane skal ære i løpet av dei to åra på skolen.
Stoffet er skrive i eit enkelt språk med mange relevante eksempel henta frå dei ulike yrka vg2-områda spring ut i. Fagstoffet er rikt illustrert med figurar og fotografi. Både teoretiske og praktiske oppgåver er samla sist i kapitla. Fagomgrep er definert i margen, og kvart kapittel startar med ei kort oppsummering av det viktigaste innhaldet i kapitlet.
Trygg mat, bransje og arbeidsliv kan brukast saman med andre læremiddel frå Fagbokforlaget:
- vg1 restaurant og matfag
- vg2 kokk- og servitørfag
- vg2 baker- og konditor nettressurs
- vg2/3 Bakerboka
- vg2/3 Konditorboka