Nedlastbare filer
Høyoppløselig omslagHeftet
UGLER I MOSEN
«Min herre, De er ein forbanna banditt! De er ein kjeltring! De er ei
stinkande søppeldyngje ein tjuv og bedragar!»
Greven heldt knyttneven sin opp framfor nasen på den likbleike
mannen. Dei to barna hans stod gøymde lenger oppe i trappa. Dei
såg og høyrde alt saman.
Vanlegvis var faren deira morosam og i godt humør. Men éin
ting kunne gjere han rasande folk som juksa og var uærlege.
Greven kasta hansken sin på golvet og utfordra mannen til duell.
Ugler i mosen er ei bok i serien Eventyrleg matematikk.
Dei spennande bøkene handlar om menneske som løyste
matematiske gåter. Dei var nysgjerrige, oppfinnsame og fantasifulle.
Og dei hadde ein stor porsjon mot.