Nedlastbare filer
Høyoppløselig omslagHeftet
DEN GLUPSKE LABYRINTEN
Ingen kunne sjå dei to barna. Dei låg på magen på den flate toppen på
tårnet. Dei venta. Tause og utan å røre seg. Heilt stille. Kom han kanskje,
forbrytaren?
Det var natt, og berre månen lyste svakt. Labyrinten var klipt og
laga eit innvikla mønster rundt tårnet.
Månen lyste på den kvite pakka. Ho låg i ein av gangane i
labyrinten. Ville det komme nokon og hente henne? I natt eller neste
natt?
Den glupske labyrinten er ei bok i serien Eventyrleg matematikk.
Dei spennande bøkene handlar om menneske som løyste
matematiske gåter. Dei var nysgjerrige, oppfinnsame og fantasifulle.
Og dei hadde ein stor porsjon mot.