Nedlastbare filer
Høyoppløselig omslagFleksibind
Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen for Vg1 helse- og oppvekstfag etter fagfornyinga.
Serien omfattar tre lærebøker som følgjer programfaga:
Ein tverrfagleg nettressurs til læraren og eleven finn du på fagbokforlaget.no.
I Puls Helse møter elevane eit ryddig og oversiktleg verk som er enkelt å bruke. Eit illustrert persongalleri følgjer dei gjennom boka og gjer det faglege lett å kjenne att, relevant og praksisnært.
Dette gjennomillustrerte verket viser korleis mennesket er bygd opp og fungerer gjennom heile livet. Elevane lærer om organsystema og viktige prosessar i kroppen, og dei får solid kunnskap om kva som fremjar psykisk og fysisk helse. Kompetanse i førstehjelp, smitte og hygiene står sentralt i boka.
Læreboka har ordforklaringar, samandrag og eit breitt utval av oppgåver som stimulerer til aktivitet, drøfting i fellesskap og djupnelæring.