Nedlastbare filer
Høyoppløselig omslagInnbundet
Ordriket 1 7
Ordriket er eit norskverk for barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, samstundes som det fremjar leselyst og leseglede.
Elevbok 6A
I elevbøkene på 6. trinn arbeider elevane med tekstar med ulike formål..Kvart kapittel tek for seg sin sjanger, som blir modellert grundig og arbeidd med på ulike måtar i Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket.
Leseriket inneheld eit utval tekstar i ulik vanskegrad. I kvart kapittel blir ein lesestrategi introdusert. Oppgåvene er delte inn i kategoriane forstå, hugse og tenkje, alt etter kva nivå i leseforståinga elevane øver.
Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter.
Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver.
Skriveriket øver skriveferdigheitene i den aktuelle sjangeren. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga.
Ordriket 6. trinn:
- Elevbok 6A og 6B
- Lærarrettleiing 6
- Digitale bøker og nettressurs på ordriket.no