Innbundet
Ordriket 1 7
Ordriket er eit norskverk for barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, samstundes som det fremjar leselyst og leseglede.
Lesebok 3A
I lesebøkene på 3. trinn følgjer vi Sam og Ina på skattejakt med Kanon-farfar, farfaren til Sam. Undervegs i skattejakta støyter dei på mange menneske, dyr og utfordringar som blir utgangspunkt for ulike tema i kapitla. Til kvart tema følgjer det eit utval tekstar i ulike sjangrar og med ulik vanskegrad. Dei enklaste står først og dei vanskelegaste til slutt. Lesebøkene legg vekt på å presentere nyare barnelitteratur.
Oppgåvene til tekstane står i Arbeidsbok 3A. Digitale utgåver av lesebøkene finst på ordriket.no.
Ordriket 3. trinn:
- Lesebok 3A og 3B
- Arbeidsbok 3A og 3B
- Lærarrettleiing 3
- Tavleressurs og nettressurs
på ordriket.no