Boka tek føre seg korleis vi kan bruke naturen både til næring og fritid. Ho har to delar: trivsel og tryggleik i naturen og naturforvaltning. Det er lagt vekt på berekraftig utvikling og korleis vi best kan både trivast i og ta vare på naturen.
Boka er rikt illustrert, og teksten er lett å lese.
Læreverket i Vg1 naturbruk frå Fagbokforlaget omfattar seks bøker:
- Fiske og akvakultur
- Landbruk
- Skogbruk
- Husdyr
- Dyrefag og hestefag
- Naturbasert næringsaktivitet
Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elevarog lærarar med omgrepsdatabase, undervisningsfilmar og aktivitetsforslag.