VOLUM 4A – eit nytt læreverk i matematikk for barneskulen etter fagfornyinga 2020.
Volum 4A er ei elevbok der grunnbok og oppgåvebok er slått saman. Konkretar til oppgåvene følgjer elevboka.
VOLUM har lagt vekt på eit stort og variert oppgåvemangfald som gir elevane utfordring på deira eige nivå. Oppgåvene og aktivitetane legg opp til undring og utforsking, og har som mål å gi elevane kunnskap og kompetanse til å bruke ferdigheitene sine i ulike samanhengar.
Gjennom samarbeid kan elevane argumentere og dele idear. Dei matematiske samtalane er viktige for læring, og elevane får øving i å utvikle eit presist og eintydig matematisk språk.
Boka er tematisert og illustrert av Solveig Lid Ball. Illustrasjonane konkretiserer og levandegjer matematikken på ein lun og humoristisk måte og bidrar til auka fagforståing.
Les meir om verket på www.fagbokforlaget.no.