VOLUM – eit nytt læreverk i matematikk for barneskulen etter fagfornyinga 2020.
Velkomen til Volum 2A Leksebok – og ei reise med mangenye oppdagingar for barna, og ikkje minst for dykk føresette.
Lekseboka er laga for at barnet dykkar skal få repetere og øve. Leksene inneheld ikkje nytt stoff, og barna møter liknande oppgåver som dei har arbeidd med på skulen.
Eitt oppslag i boka svarer til ei veke med lekser.
Les meir om verket på www.fagbokforlaget.no