VOLUM – eit nytt læreverk i matematikk for barneskulen etter fagfornyinga 2020.
Velkomen til Volum Leksebok 1B – og ei reise med mange nye oppdagingar for dykk som foreldre og ikkje minst ungane.
Lekseboka er laga for at barnet dykkar skal få repetere og øve. I matematikk er målet at leksene ikkje inneheld nytt stoff, men
er repetisjon og vedlikehald av det ungane har arbeidd med på skulen den siste veka.
Eitt oppslag i boka svarar til ei veke med lekser.