Målet med denne læreboka er at du skal kunne forstå tradisjonelle arbeidsteikningar og kunne bruke 3D-modellar i det daglege arbeidet på ein bygg- og anleggsplass. Boka støttar arbeidet med kompetansemåla innanfor teikningslesing, dokumentasjon og 3D-modellering.
Rettesnora vår har vore at elevane framleis må lære å lese og jobbe etter tradisjonelle arbeidsteikningar, men samtidig få ei innføring i dei mest avanserte digitale verktøya som blir brukte i dag. I nettressursen gjev vi tilgang til ein ekte bygningsinformasjonsmodell.
Innhaldet i læreboka er organisert i to delar:
- Del 1 Teikning og arbeidsskildringar
- Del 2 3D-modellering i arbeidsoppdrag
Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk:
- Praktisk yrkesutøving
- Praktisk yrkesutøving – særløpsfaga
- Arbeidsmiljø og dokumentasjon
- Teikningsforståing og 3D-modellering
- nettressurs for bygg- og anleggsteknikk