Heftet
Sats er eit norskverk for minoritetsspråkleg ungdom og andre som treng tilrettelegging i norskfaget. Verket er laga for ungdomsskolen og den vidaregåande skolen. Arbeidsboka følgjer tekstboka tematisk, kapittel for kapittel.
I arbeidsboka får elevane skrive og lese den typen tekstar som dei møter i skolen. Oppgåvene i arbeidsboka er differensierte, slik at elevar på ulikt språknivå kan arbeide med materialet samstundes. Arbeidsboka inneheld mange oppgåver der elevane får øve på ord og frasar. Kvart kapittel blir avslutta med lytteoppgåver. Lydfilene til desse oppgåvene finn du på nettressursen til verket.
Sats består av
- Tekstbok
- Tekstbok i digital utgåve
- Arbeidsbok med lytteoppgåver
- Nettstad med digital lærarrettleiing og lydfiler for lytteoppgåver