Puls Ambulansemedisin bind 1 og 2 gir eit solid kunnskapsgrunnlag i anatomi, fysiologi, sjukdommar og skadar hos pasientar i alle aldrar. Svangerskap og fødsel, psykiske lidingar og utfordringar hos den eldre pasienten har fått spesiell merksemd. Elevane får god kjennskap til triagering, undersøkingar, prehospital handtering, overvaking og transport av pasientar. Dei lærer også om smittevern og bruk av legemiddel og medisinskteknisk utstyr.
Denne læreboka er ein del av eit komplett læreverk som dekkjer den nye læreplanen for vg2 og vg3 ambulansefag. Serien består av ein tverrfagleg nettressurs og til saman fire lærebøker som følgjer programfaga:
- Ambulansemedisin 1
- Ambulansemedisin 2
- Yrkesliv i ambulansefag
- Kommunikasjon og samhandling
I lærebøkene møter elevane lettlesne og oversiktlege verk der innlæring av omgrep står sentralt. Bøkene har ordforklaringar i margen, oppsummeringar og eit breitt utval av oppgåver som stimulerer til djupnelæring. Illustrerte casar med faste karakterar følgjer elevane gjennom verket og gjer fagstoffet både aktuelt og praksisnært.