Digital ressurs
12 md. abonnement
Migranorsk testar er adaptive språktestar i norsk som andrespråk. Testane er i bruk ved kartlegging og innplassering, for undervegsvurdering og i forkant av norskprøvane.
Som del av kartlegging er Migranorsk testar i bruk for å plassere deltakaren på rett nivå og i rett gruppe i norskopplæringa. Undervegs i opplæringsløpet er dei i bruk for å måle og tydeleggjere progresjon hos dei enkelte deltakarane. Testane kan òg brukast i forkant av norskprøvane eller andre avsluttande prøvar, og deltakarane møter mange av dei same oppgåvetypane som i norskprøvane. Testane har fleire detaljerte illustrasjonar som er laga spesielt for munnleg og skriftleg produksjon.
Med Migranorsk testar kan du teste heile klassen din eller enkeltdeltakarar i alle ferdigheiter og få ferdigheitsprofilar og detaljerte nivårapportar for kvar deltakar. Migranorsk testar gir eit godt grunnlag for både tilpassa opplæring i samansette klassar og passande plassering av enkeltdeltakarar på spor og nivå.
Migranorsk testar er utvikla av erfarne oppgåveskrivarar og grundig testa ut i målgruppa.
Migranorsk testar kort fortalt:
Pris per test: 151.20,- (ekskl. mva). Kontakt oss for ordrevolumrabatt.
For bestilling og mer informasjon om testene, ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no
I tillegg til språktestane finst eigne fagtestar i engelsk og matematikk for minoritetsspråklege. Fagtestane er i bruk ved kartlegging og innplassering i vidaregåande skule og i grunnskule for vaksne. Dei passar òg som undervegsvurdering.