Nedlastbare filer
Høyoppløselig omslagHeftet
Matte overalt er eit læreverk i matematikk for grunnskulen. I Matte overalt er matematikk både interessant og utfordrande. Eit stort og mangfaldig oppgåveutval og gode, praktiske lærarrettleiingar gjer det lett å lage spennande og varierte opplegg utan mykje førearbeid.
Matte overalt
- formidlar matematikken gjennom situasjonar som elevane kjenner igjen
- motiverer elevane gjennom opne og utforskande oppgåver og ein fornuftig progresjon
- gjer det enkelt for læraren å planleggje og gjennomføre god, variert undervisning
Grunnboka skal brukast av lærar og elevar i fellesskap. Boka er eit nyttig hjelpemiddel i klasserommet. Elevane arbeider vidare med tilpassa lærestoff i Arbeidsbok 2 og på fagnettstaden matteoveralt.no. Nedst på sidene i grunnboka finst korte, instruktive informasjonstekstar til dei vaksne, med råd og eksempel.
Innhald:
Kapittel 1 Tala 11 20
Kapittel 2 Mangekantar og sirklar
Kapittel 3 Tabellar og diagram
Kapittel 4 Måling lengd
Kapittel 5 Tala 20 100
Kapittel 6 Symmetri