Kong Magnus 6. Lagabøters landslov av 1274 var ei stor, politisk driven samfunnsreform gjennom lovgjeving. Landslova
var ei stor hending i både norsk og europeisk rettshistorie. Den var éi av berre tre riksdekkjande lovbøker i Europa på 1200-talet, som éi av to riksdekkjande lovbøker som regulerte samfunnet i si fulle breidde, og den einaste riksdekkjande lovboka som faktisk vart brukt. Dermed kom Magnus Lagabøters lovgjeving til å prega politikk, rettsliv og daglegliv i Noreg i 400 år, fram til den vart avløyst av Christian Vs Norske Lov i 1687. Dette gjer Landslova til kanskje det viktigaste dokumentet i norsk historie ved sida av Grunnlova av 1814.
I denne antologien vert Landslova av 1274 undersøkt inngåande del for del av fjorten framståande mellomalderforskarar. Dei mange lovreglane vert brukte til å skapa eit bilete av politikk, rettsliv og daglegliv i Noreg på 1200-talet. Fram stig eit bilete av ein fargerik og mangfaldig periode i norsk historie, og av eit samfunn og menneske som på éi og same tid er annleis og attkjennelege i dag.
Artiklane i antologien er skrivne av:
Thomas
Eeg, Universitetet i Bergen
Gunnar
Kjetil Eriksen, Norges arktiske universitet, Tromsø
Brage
Thunestvedt Hatløy, Universitetet i Bergen
Anna
Catharina Horn, Universitetet i Oslo
Gunnar
Jansen, Bergen
Torstein
Jørgensen, VID vitenskapelige høgskole, Stavanger
Leidulf
Melve, Universitet i Bergen
Else
Mundal, Universitet i Bergen
Magne
Njåstad, professor, NTNU, Trondheim
Ole
Albert Rønning Norby, Nasjonalbiblioteket
Per G.
Norseng, Universitetet i Sørøst-Norge
Erik
Opsahl, NTNU, Trondheim
Hans
Jacob Orning, Universitetet i Oslo
Jørn
Øyrehagen Sunde, Universitetet i
Oslo