Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Format

Heftet

Heftet

På lager - sendes nå
245,-

Grip 1 Samfunnsfag Arbeidsbok
Kompetansemålene etter 1.-4. trinn

GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok dekker modul 1 i Forsøkslæreplan i samfunnsfag for forberedende voksenopplæring. Verket presenterer fagstoffet på ein enkel måte, og språket er tilpassa vaksne med lite skulebakgrunn.

GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok er ein revisjon og kjem med splitter nytt innhald fordelt på åtte emne: 1) Verda 2) Noreg og Norden 3) Samfunn 4) Familiar 5) Menneskerettar 6) Demokrati og deltaking 7) Utdanning 8) Arbeid.
I tillegg til at kvart emne følger strukturen i grunnboka, med ein hovuddel og ein fordjupingsdel, er det også ein fast oppgåvestruktur i tre delar: 1) Førlesing 2) Fokus 3) Oppsummering.

Førlesingsoppgåvene gjer arbeidsboka til ein naturlig stad å begynne når ein tar fatt på eit nytt emne med deltakarane. Her aktiverer dei forkunnskapar, skaffar seg ei oversikt over heile emnet og trenar viktig vokabular.
Fokusoppgåvene gir rom for arbeid med tekstane i grunnboka på ein måte som tar høgd for avgrensa tid, og føreset heller ikkje at alle deltakarane må lese kvar einaste tekst. I fokusoppgåvene trenar deltakarane mellom anna grammatikk, konsolidering av ordforråd, skriving og munnleg.
Oppsummeringsoppgåvene sluttar sirkel i kvart emne ved at deltakarane mellom anna får utforske eigen progresjon i emnet.

Dette kjenneteikner GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok
  • Kvart emne inneheld ein hovuddel og ein fordjupingsdel
  • Fast oppgåvestruktur i kvart emne med tre delar: 1) Førlesingsoppgåver 2) Fokusoppgåver 3) Oppsummeringsoppgåver
  • Strukturen hjelper læraren å tilpasse og differensiere undervisninga
Oppgåvene kombinerer fag med språkopplæring
Forfattere:
ISBN:
9788211046116
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
296
Verk:
GRIP
Grip 1 Samfunnsfag Arbeidsbok