Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen i programfaget automatiseringssystem for vg2 og vg3 etter fagfornyinga.
Automatiseringssystem er eit læreverk som ønskjer å skape forståing, inspirere og pirre nyfikna til elevane. Læreverket består av to trykte lærebøker og ein innhaldsrik nettressurs med mellom anna fagomgrep, yrkesoppdrag og animasjonar.
Automatiseringssystem 2 dekkjer temaa sikkerheit, mekanisk arbeid, pådragsorgan, hydrauliske anlegg, reguleringsteknikk, system, standardar og protokollar, utstyr og prosessar, metodar for gass- og væskeanalyse, robotisering og programmering, og dessutan vedlikehald og tilstandskontroll.
Jon Eirik Standal Darre er utdanna fagskuleingeniør innanfor automasjon og har fagbrev som automatikar med bakgrunn frå prosessindustrien. Han har undervist i automatiseringsfaget i ti år og jobbar no ved Laksevåg og Bergen maritime vgs. Med praktisk-pedagogisk utdanning og fem yrkespedagogiske vidareutdanningar går han no på masterutdanning.
Petter Skaraas er utdanna fagskuleingeniør innan industriell automasjon. Han har fagbrev som automatikar og skipselektrikar. I tillegg har han vidareutdanning frå Oslomet og UiB innan leiing, psykologi og coaching. Han har i største delen av karrieren hatt leiarroller i selskap som har automasjon og måling som kjerneverksemda si, mellom anna ti år som salsdirektør i Emerson.